Random Post: get_results("SELECT ID,post_title,guid FROM $wpdb->posts WHERE post_status= \"publish\" ORDER BY RAND() LIMIT 1"); $p=$post[0]; echo ('' . $p->post_title . ''); ?>
RSS .92| RSS 2.0| ATOM 0.3
  • Home
  • Lenker
  • Om bloggen
  •  

    IGeLU 2012 og fire hovudutfordringar for europeiske akademiske bibliotek

    11. – 13. september i år deltok eg saman med Karin Rydving på IGeLU møte i Zürich. IGeLU er ein frittståande organisasjon for brukarar (institusjonar) av ExLibrisprodukt (Aleph/Alma, MetaLib, SFX, bX etc). I organisasjonen sine fora, inklusive det årlege møtet, drøftast praksis, best mogeleg nytting av produkta, og integrering mot andre system. I tillegg arbeider organisasjonen tett mot ExLibris og kjem kontinuerleg med innspel til rettingar, betringar og ønskt vidare utvikling.

    Eg har valt å formidle inntrykk frå dette møtet gjennom anslaget, invitert keynote, som Paul Ayris, president i Liber sto for. Han skisserte fire hovudutfordringar for europeiske akademiske bibliotek. For kvar av desse forsøker eg samtidig å presentere korleis ExLibris/IGeLu tenkjer å møte desse utfordringane. For, som ein av dei andre deltakarane bemerka: Berre keynote-presentasjonen åleine var verdt reisa! Knowledge and wisdom: the role of research libraries in supporting the European research agenda

    Ta gjerne og ein kikk på andre presentasjonar frå møtet!
    Dei fire hovudutfordringane skissert av Ayris:

    1. EU sin digitale agenda
    2. Oppdaging og gjenfinning
    3. Open Access
    4. Data-driven forsking og opne data

    Klikk under for å lese resten:

    EU sin digitale agenda
    All Europes cultural heritage and scientific records should be available online by 2026‘ Ambisiøst, ikkje minst fordi ‘available’ må innebere reellt tilgjenge. I Europa i dag er det 1/3 som ikkje ER online, anten fordi dei ikkje kan eller fordi dei ikkje vil.

    Europeana har som ambisjon å vere sams inngang for digitale kopiar av materiale frå bibliotek, museum og galleri. I hovudsak er dokumenta Open Access. Europeana Cloud er retta mot EU-borgaren, ikkje forskaren.

    Ayris vektla sterkt digitalisering av eigne, unike samlingar, og eit større prosjekt nett no er digitalisering av aviser. Målet er fulltekstindeksering. Men det er den lokale institusjonen som har eigarskap/ansvar for lagring, fullteksten lagrast ikkje sentralt. Det er generelt viktig å nå ei kritisk masse.

    UBB tilgjengelegjer unike dokument frå samlinga gjennom prosjektet Digitale Fulltekstarkiv.

    ExLibris tilbyr arkivsystem, utan at desse er aktuelle for UiB i den næraste tid. Om innhaldet etter kvart indekserast i Primo Central er ei anna og mykje meir interessant sak! Primo har signalisert generell interesse for å indeksere opne arkiv, men vi har ikkje fått spesfikke signal om Eurpeana.

    Oppdaging og gjenfinning (discovery & retrieval)

    Situasjonen i britiske universitet er at metadata er fragmenterte. I motsetning til UH-sektoren i Noreg manglar dei sams katalogar. Så langt har det vore eit fokus på ‘lagerlister’ (inventory), heller enn ‘oppdaging’ (discovery). Ifølgje Ayris må eit nytt singing and dancing COPAC gå mot deep sharing, noko ein får anta betyr delte (ikkje dupliserte), FBRB-iserte postar med opne, lenka data.

    Frå ExLibris si side er det eit uttalt mål å flytte fokuset frå bibliotekarane sitt domene, søket, til oppdaging, eller discovery, men heilt uproblematisk er det ikkje. Det er:

    Hard for librarians to accept that users can manage without a search strategy’

     Tamar Sadeh

    Mon det! Eg kan forsåvidt skrive under på det at det er vanskeleg å akseptere. Men eg vil dessutan hevde at det er vanskeleg å akseptere fordi det ikkje stemmer med landskapet eg observerer dagleg 😉 Ikkje dess mindre kan ein overgang til eit discovery-system gjere ein del arbeid lettare for brukaren, og materiale som tidlegare var vanskeleg å hente fram (eksempelvis artiklar frå oppslagsverk og bokkapittel) kan no bli lettare å oppdage.

    Det vi kan slå fast er at fokus frå ExLibris (som for databaseleverandørar) dreiast frå komplekse søk til etterhandsfiltrering. I tillegg får ein funksjonar som deling og manuelle/automatisk genererte anbefalingar. ExLibris sjølv ser på tenestene bX, HotArticles (fåast som app) og Journal Popularity Reports som ‘innebygd serendipitet’. Dertil kjem snart bla-funksjonalitet (emneord, forfattar, hyllesignatur), og virtuelt tastatur, som skal gjere det mogeleg å søke i matematiske og kjemiske formlar.

    Visst har ExLibris sin eigen rangeringsalgoritmen (ScholarRank), som baserer seg på akademisk kvalitet, siteringar, klikkdata og korvidt søket blir sett som breidt (e.g. skyve treff i oppslagsverk oppover på lista) eller smalt (skyve slike treff nedover), men ExLibris er relativt opne om kva som inngår i algoritmen (sjå eksempelvis denne korte filmen). Men i tillegg opnar algoritmen for val frå brukaren si side: Ved å definere akademisk nivå og fagområde (ein kan krysse av for fleire ved tverrfaglegheit) kan ein sjølv påverke rangeringa på trefflista. Talet på treff forblir det saman til saman utgjer desse funksjonane eit såkalla discovery-system. Ein kikk på Tamar Sadeh sin presentasjon, From search to discovery, er absolutt verdt det, om ein vil forstå meir.

    Open Access

    Gull eller grøne skogar? Gullruta mot Open Access (OA) inneber publisering i reine OA-tidsskrift, samt i såkalla hybridtidsskrift. I begge tilfelle gjerast artikkelen fritt tilgjengleg, vanlegvis mot eit publiseringsgebyr (i snitt GBP 571). Grøn Open Access-publisering består i at einskildartiklar arkiverast i opne arkiv, eventuelt etter ei embargo-periode. UK har i hovudsak gått for gull-modellen (Finch Rapporten) og har fått ein del kritikk for dette. Kritikken skuldast ifølgje Ayris mellom anna at tildelte midlar utgjer ein knapp fjerdedel av dei estimerte totalkostnadene, resten må institusjonane sjølve stå for. Ein JISC-rapport (Going for gold) utarbeidd i kjølvatnet ev Finch-rapporten antydar at OA gull ville gi større innsparingar enn grøn OA, dersom verda over natta kollektivt skulle gå for OA-publisering. Innsparingane ville i så fall i stor grad bestå i sparte tidsskriftsabonnement. Om kvar institusjon einsidig må bere kostnadane, må ein behalde tidsskiftsabonnement. I så fall vil både gull og grøn publisering totalt innebere auka utgifter, større auke for gull enn for grøn publisering.

    Samstundes såg Ayris det som vanskeleg å oppnå ei kritisk masse av grøn OA gjennom eigenarkivering åleine. Likevel genererer grøn OA-publisering ein auke i nedlasting på 7.5 – 15%. Det er verdt å merke seg at nedlastingar direkte frå forlaga aukar enno meir enn dette, indirekte får altså forlaga reklame.

    Så langt har nær all diskusjonen av OA dreia seg om tidsskriftspublisering. LERU (League of European Research Universities) krev i tillegg løysingar for OA-publisering av bøker. Modellar er enno ikkje klare, men Ayris kunne sjå for seg samarbeid med etablerte forlag og ein gratis, elektronisk versjon, eksempelvis for Kindle, parallelt med print on demand og eventuelt value-added print- eller elektroniske versjonar. Ei slik utvikling opnar dessutan for at bibliotek kan gå frå ei passiv konserveringsrolle til ei aktiv publiseringsrolle.

    Korleis møter så ExLibris utfordringane frå Open Access? Her dreier det seg fremst om gjenfinning. Det vert arbeidd på to frontar: Det er eit uttalt mål for ExLibris at opne institusjonelle arkiv skal indekserast og registrereast som gratis i Primo Central Index. Parallelt med dette vert opne artiklar i hyridtidsskrift registrerte som gratis, og desse vil igjen vere synlege ved søk i PCI, uavhengig av abonnement. OA-artiklar vil dermed vere godt synlege i systemet.

    Data-driven science/open data

    Ayris hevdar at forskinga per i dag i stor grad er datadriven, ikkje lenger hypotesedriven. Basis for nye fonn er typisk store (tildels gigantiske) datasett. Samstundes stiller dette krav til etterprøving, datalagring og tilgang til lagra grunnlagsdata. Slike krav kan eksempelvis kome frå finansieringsinstitusjonar og tidsskrift. Samstundes har få universitet på plass kapasitet og/eller eigna system. Vi kan godt seie at biblioteka ikkje har historie/kapasitet/kompetanse på akkurat lagring av data, men det er det heller ikkje mange andre som har. Vi HAR derimot generell kompetanse på arkivering & metadata.

    Frå ExLibris si side blei det fleire gonger vist til Central ExLibris Repository (CES), som eitt alternativt system for lagring. Dette finn eg dessverre ingen ytterlegare informasjon om. Ein vidare tanke er at også datasett (eller metadata for slike) med fordel kunne indekserast i Primo Central Index.

    Ett svar til “IGeLU 2012 og fire hovudutfordringar for europeiske akademiske bibliotek”

    1. Tillegg: JISC-prediksjonar om framtida for forsking:

      http://www.jisc.ac.uk/inform/inform35/7Predictions.html

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *